tirsdag 27. september 2011

Europol om arbeidet etter terroren i Noreg

I samband med rådsmøtet førre veke informerte Europol-direktøren om arbeidet etter terrorangrepa i Noreg 22. juli.

Europol kom med fleire ønske til EU:
- Oppretting av ei europeisk ekspertgruppe retta mot valdeleg ekstremisme
- Ei felles vurdering av trusselbiletet i Europa som gjeld enkeltpersonar/grupper knytte til valdeleg ekstremisme
- Oppretting av ein nettportal kor EU-landa kan utveksla erfaringar, analysar og vurderingar rundt internettbruken til personar som kan knytast til valdeleg ekstremisme

Europol-direktøren informerte også om iverksetjinga av EUs First Response Network (FNR) (for første gong etter opprettinga i 2007), kor det blei samla representantar frå Danmark, Finland, Tyskland, Hellas, Polen, Sverige, Storbritannia og Noreg i hovudkvarteret i Haag kort tid etter angrepa. Europol kunne rakst difor tilby nødvendig bistand til dei norske etterforskarane.

I kjølvatnet av terrorangrepa skal det også ha vore etterforsking i Storbritannia, Sverige, polen, USA og Malta, men Europol ønskte ikkje å seia noko om arbeidet hadde gitt resultat.

Eurpolitics skreiv 26. september at USA ønskjer tettare samarbeid med Europa når det gjeld å møta trugselen frå radikalisering og valdeleg ekstremisme.