EU-domstolen har fått i oppgåve å koma med ei vurdering om den omstridde ACTA-avtala er i tråd med EU-reglane. Det varsla handelskommissær Karel De Gucht 22. februar: «Putting ACTA before the European Court of Justice is a necessary step […] This debate must be based on facts and not on misinformation and rumour».
Samtidig begynner Europaparlamentet behandlinga av avtala med ei høyring 29. februar.
ACTA-avtala, som 22 EU-land og Europakommisjonen signerte i førre månad, vil først tre i kraft etter at nasjonale parlament og Europaparlamentet har godkjent avtala. Men avtaleteksten har vore gjenstand for mykje motstand dei siste vekene, i form av demonstrasjonar i europeiske byar, ulike utspel frå europaparlamentarikarar i tillegg til at fleire land har bestemt seg for å «frysa» den heimlege ratifiseringsprosessen.
Motstandarar av avtala fryktar mellom anna at ACTA vil føra til sensur, redusert personvern og meir overvaking på nettet. Tilhengarane forsvarer nødvendigheita av å skapa ein internasjonal standard for å beskytta opphavsrettar.
Fleire europaparlamentarikarar varslar også ei utsetjing av avstemminga i parlamentet, som er planlagd til sommaren. Britta Thomsen (S&D, Danmark) er mellom desse: «Hvorfor lærer Kommissionen ikke snart, at der skal være åbenhed omkring sådanne aftaler?» Men også visepresident Viviane Reding i Europakommisjonen har poengtert at ho ønskjer å ta omsyn til internettfridomen.
I Danmark har Leger uten Grenser åtvara mot at ACTA vil hindra tilgangen til kopimedisin, som vil ha konsekvensar for «millioner af patienter i Den Tredje Verden». Handels- og investeringsminister Pia Olsen Dyhr (SF) har i eit lesarinnlegg avfeia dette.
«Det meste av innholdet i ACTA-avtalen er allerede dekket av gjeldende rett i Norge» seier lektor ved Universitetet i Oslo, Gisle Hannemyr, til Computerworld: «Det mest kontroversielle ved ACTA-avtalen sett fra norsk og europeisk ståsted dreier seg om retningslinjene for beregning av erstatning ved opphavsrettskrenkelser». Dåverande justisminister Knut Storberget svara i 2010 at Noreg eventuelt skulle vurdera tilslutting til avtala etter ho var vedtatt.