tirsdag 6. mars 2012

ACTA-behandlinga i gang i Europaparlamentet

Europaparlamentarikarane ønskjer å vita meir om korleis den omstridde ACTA-avtala vil bli handheva, før dei kjem med si tilråding om eventuell godkjenning av handelsavtala. Det kom fram då Komiteen for internasjonal handel (INTA) begynte behandlinga av ACTA i Europaparlamentet førre veke.

Parlamentarikarane ønskjer at EU-domstolen skal undersøkja avtala, slik også Europakommisjonen nyleg har bedd om.

«It is not the intentions of ACTA that raise concerns but its possible unintentional consequences. ACTA lacks detail. The main concerns is how the text might be read», sa saksordførar David Martin (S&D) under første komitebehandling, og fekk støtte frå skyggesaksordførar Christofer Fjellner (EPP): «It's not the trade deal that changes citizens' everyday lives but the legislation that enforces it».

INTA arrangerte også ei høyring om kva ACTA vil ha å seia for borgarrettar og tilgang til medisin, samtidig som Europaparlamentet fekk overlevert 2,4 millionar underskrifter mot avtala. Sven Egil Omdal kommenterte ACTA-behandlinga slik i Stavanger Aftenblad «de fire bokstavene er blitt et symbol på den store kampen om hvem som skal styre nettet, og europaparlamentarikerne har synlig gåsehud av begeistring over at avgjørelsen ligger hos dem».

Etter spørsmål frå Venstre svara nyleg justisminister Grete Faremo slik om Noregs haldning til ACTA: «Regjeringen har ikke inntatt noen offisiell holdning til ACTA. Regjeringen vil eventuelt vurdere om Norge bør søke å slutte seg til ACTA på et senere tidspunkt når avtalen har trådt i kraft og utfallet av ratifikasjonsprosessene i EU og EUs medlemsstater er kjent».