mandag 4. juni 2012

Asyl- og innvandringstal i EU-landa

8 av 10 europearar meiner EU-landa bør tilby beskyttelse og asyl til dei som treng det, og at asylreglane bør vera like på tvers av EU-landa. Dette kom fram i ei ny Eurobarometer-undersøking om mobilitet, migrasjon og sikkerheit førre veke.

67 prosent av dei spurde meinte også det var viktig å kunna reisa innanfor EU utan grensekontrollar. Dette var ikkje like populært i våre naboland: 43 prosent av danskane og 47 prosent av svenskane syntest dette var viktig.

Samtidig publiserte Europakommisjonen sin årsrapport over asyl- og innvandringssituasjonen i EU. Rapporten slår fast at det er 20,2 millionar tredjelandsborgarar i EU, noko som utgjer fire prosent av EU-befolkninga (502,5 millionar). I 2010 var 58,5 prosent av tredjelandsborgarane (i alderen 20-64) i arbeid, mot 68,6 prosent blant heile EU-befolkninga.