Island og EU kjem stadig vidare i medlemskapsforhandlingane, sjølv om det er mykje debatt på Island om ein skal bli medlem av EU eller ikkje. Det kom fram då Europakommisjonen presenterte sine statusrapportar for ni søkjarland 11. oktober.
Island oppfyller både politiske og økonomiske kriterier for eit EU-medlemskap, men rapporten viser også til enkelte svakheiter innanfor område som landbruk, fiskeri, skattlegging og toll.
Utanom Island er det Montenegro, som begynte medlemskapsforhandlingane med EU 29. juni i år, som kjem best ut av rapportane. Kommisjonen anbefaler vidare at Rådet etter kvart gir Albania kandidatlandstatus, noko Europaparlamentet støttar. For Tyrkia, som begynte forhandlingar allereie i 2005, er det ingen kontakt med den kypriotiske formannskapen, og EU er også bekymra for ytringsfridomen i landet og handteringa av det kurdiske spørsmålet.
Når det gjeld dei andre landa er det også fleire hindringar for framsteg, og Kommisjonen identifiserer tre generelle hovudutfordringar i utvidingsprosessen: rettstryggleik, økonomi og regionalt samarbeid på Balkan. Den danske bloggen Europa 3.0 har meir om utvidingsprosessen på Balkan.