Hovudpunkta i rapporten er:
- Det vart ikkje oppnådd semje om organiseringa av ein struktur som skal gje nasjonale parlament og Europaparlamentet (EP) innsyn i utanriks og forsvarspolitikken pga. usemje om talet på delegatar frå EP
- Sett med norske auge er det positivt at det var brei semje om å opne for at europeiske NATO-land kan delta som observatørar i den nye strukturen
- Presidentane drøfta også europeisk semester i budsjettpolitikken og parlamentas innsyn i arbeidet til nasjonale overvakings- og tryggingstenester og Europol.
- Neste ordinære møte finn stad i Warszawa 16. og 17. april 2012, men det kan bli ei ekstraordinært møte seinare i år for å avklare spørsmålet om den nye strukturen for innsyn i utanriks og forsvarspolitikken.
Se også: det belgiske formannskapet sine konklusjonar frå møtet. Sjå spesielt side 4-6 for drøftingane om erstatningsorgan for VEU PA, jf. særskilt punkt 5 b side 6 om deltaking av ikkje-EU NATO-land.