- ITRE ynskjer direktiv og ikkje forordning
- ITRE gjekk ikkje inn for stopp i all aktivitet i Arktis, men legg vekt på behovet for høgt sikkerheitsnivå også i Arktis
- ITRE ber Kommisjonen leggje fram rapport om korleis ein kan sikre at EU-selskap følgjer dei nye reglane også i tredjeland
- Plenumsbehandling er foreløpig planlagt i desember
Industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) i Europaparlamentet vedtok i dag med stort fleirtal si innstilling for framlegget til nytt regelverk for å auke tryggleiken ved olje- og gassverksemd til havs. ITRE vedtok ei rekkje endringsframlegg, inkludert 30 kompromiss.
Komiteen stemte over endringsframlegga frå saksordføraren og endringsframlegg frå andre medlemar. Den stemte også over endringsframlegg vedteke i miljø-, helse- og mattryggleikskomiteen (ENVI) og endringsframlegg vedteke i rettskomiteen (JURI). ENVI og JURI har eineansvar for respektive delar av framlegget og nokre av endringane som vart vedteke i desse to komiteane, går derfor direkte til avstemming i plenum.
ITRE gjekk inn for at det reglane bør gjennomførast som direktiv og ikkje forordning. Den vedtok også eit framlegg om å be Kommisjonen leggje fram ein rapport i løpet av 2013 om passande tiltak for å sikre at EU-baserte selskap opererer i tredjeland i samsvar med krava i det nye regelverket.
ITRE avviste eit forslag om at medlemslanda skulle avstå frå å gje lisensar i Arktis. Derimot vedtok den eit framlegg om endring til artikkel 28 om at Kommisjonen, EUs Offshore Authorities Forum og kompetente styresmakter skal fremje ”the highest safety and environmental standards globally for offshore oil and gas operations at international level and at all appropriate global and regional fora, including those related to Arctic waters”. ENVI vedtok ei endring til punkt 40 i fortalen knytt til Arktis (sjå full tekst i rapport av 19. september nedanfor). Denne høyrer under eit område som ENVI har eineansvar for og ITRE stemte ikkje over denne endringa i dag. ENVIs tekst til punkt 40 i fortalen går derfor rett til avstemming i plenum.
ITRE legg i si pressemelding vekt på at oljeboring ikkje skal skje utan at det ligg føre ei risikovurdering og ein handlingsplan for krisehandtering. Ei samla versjon av innstillinga frå ITRE vil truleg liggje føre om vel ei veke.
Det vil nå truleg bli uformelle møter mellom Parlamentet og Rådet med sikte på å oppnå semje om framlegget. Innstillinga som vart vedtek i dag er Parlamentets utgangspunkt i desse møta der også Kommisjonen deltek. Det er i utgangspunktet lagt opp til plenumsbehandling i desember. Denne tidsplanen er avhengig av framdrifta i dei uformelle møta.